Aurotunet

Velkommen inn

Om tunet

Aurotunet er eit gamalt tun frå 1930-talet. Her er eit stort hus med to stover, fem soverom, bad, godt utstyrt kjøkken, gang og boder. Møbleringa speglar dagleglivet til fleire generasjonar. Tunet er kransa inn av eigen hage, låvebygning, eldhus og vedhus. I eldhuset vert det framleis salta og røykt pinnekjøt og fenalår på gamlemåten.

Her kan de bu i naturskjønne omgjevnadar i eit fredeleg landbruksområde. Til tider beitar hjorten rundt husa. Det er kort veg til Vossabygda sine mange tilbod. Det er berre tre km opp til Voss ski- og tursenter som kan by på gode turtilbod, sommar som vinter.

Vertsfolket bur i eit nytt tun like ved med moderne driftsbygning for mjølk og kjøt. Dei produserer også potet, og ”Vossapoto” er eit lokalt merkenamn. Om de ynskjer å få eit ekstra innblikk i dette levande jordbruksmiljøet, kan de etter avtale også få ein titt inn i nyefjøset.