Aurotunet

Velkommen inn

Huset på Aurotunet...


Hovudetasjen har sju rom:

  • Gamlestovo er ei tømrastove frå 1920 med langbord, divan, lita sittegruppe, gamal skrivepult og peisomn.
  • Storastovo har sekstitalspreg med spisestove, salong, TV, piano og vedomn.
  • Kjøkenet er i autentisk femtitalsstil med kjøleskåp, komfyr, oppvaskmaskin, kaffitraktar og mixmastar.
  • Badet har dusj, WC og vaskemaskin.
  • Gang har to inngangar med gode skåp og to bodar for oppbevaring av kle og utstyr. Fryseboks, varmepumpe og tørkeskåp.

2.etasjen har 6 soverom med 14 gode sengeplassar, 2 barnesenger og tilgang til ekstramadrassar på golv:

  • Blåelemmen: 2 - To rammemadrassar som står enkeltvis eller i saman.
  • Skråloftet: 2 - To enkeltsenger
  • Arket: 3 - Ein rammemadrass og køyeseng
  • Storelemmen: 2 - To rammemadrassar som står saman eller kan stå enkeltvis.
  • Skrårommet: 3 - Tre senger som står enkeltvis.
  • Raparommet: 1 - Ein rammemadrass
  • Loftgangen: 1 - Ei uttrekksseng